skogseidvatnet.no

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk

Hålandsdalen grunneigarlag

FISKEKORT                                               
Etter Hålandsdalen Grunneigarlag sine vedtekter gjev kortet rett til stong- og oterfiske i Sævareid- og Kvanndalsvassdraget, og garnfiske i Gjønavatnet. Kortkjøpar pliktar og setja seg inn i fiskereglane for vassdraga, og å følgja dei. Reglane finn ein på laget sine opplysningstavler. Du kan og få dei utlevert hjå kortseljarane.
Fiskekortet skal alltid vere med under fiske, og synast på førespurnad frå grunneigar eller oppsyn. Brot på fiskereglane kan straffast.
GB Rules: See the information boards put up by the association.
D Vorschriften: Beachten Sie die Informationstafeln der Grundbesitzervereinigung.


Vilkår for garnfiske             
Garnbruk i vassdraga kan berre skje på tilviste stader eller etter avtale med grunneigar. I Skogseidvatnet kan du fiske med garn frå 15. august til 1. november. Dei andre vatna kan garn brukast heile året. Tillat maskevidde er 31 millimeter eller mindre målt frå knute til knute. Garn skal vere nedsekte slik at heile fangstdelen er minst 5 meter under vassflata.  Avstand til gyteelvar for storaurestamma skal vere minst 100 meter. Ingen ferdsel eller fiske nærare dambruk enn 200 meter. Det kan nyttast inntil 5 garn pr. person, maks. 2 garn i lenke. Reiskapen skal vere merka med namn og adresse til fiskaren.
Det er påbod om at garnreiskap som har vore nytta i sjøen eller andre vassdrag skal desinfiserast før bruk. Kortkjøpar pliktar og setja seg inn i fiskereglane for vassdraga, og å følgja dei. Reglane finn ein på laget sine opplysningstavler. Du kan og få dei utlevert hjå kortseljarane.
Garnkortet skal alltid vere med under garnfiske, og synast på førespurnad frå grunneigar eller oppsyn. Gjønavatnet er friteke for garnkort. Brot på fiskereglane kan straffast i medhald av § 49 i lakse- og innlandsfiskelova.
GB Rules: See the information boards put up by the association.
D Vorschriften: Beachten Sie die Informationstafeln der Grundbesitzervereinigung.

 
Vi har 6 gjester her nå